Diktsamlingen Pus

av Arne Torget

Jeg oppdaget Arne Torget i Linda Eides språksjov. Han dikter i farta, og lirte ut av seg flere rim på direkten. Veldig artig å høre på.

Han har også gitt ut diktsamlingen Pus. På baksiden av boka står det følgende:

I over 30 år har Pus vore ei konstant inspirasjonskjelde for meg. Når det kokar under topploket skriv eg Pus inn i ulike situasjonar, slik får eg ut litt damp. Pus sjølv ligg som regel heilt uskuldig og søv på sofaen medan eg hamrar laus på tastaturet. pus er då rundhanda med samfunnskritikk eller kvardagskomikk alt etter kva påfunn matfar har for dagen. I boka finn du aktuelle saker frå året som har gått, og nokre tidlause vers som har blitt til over ein lang periode.

Boka ble gitt ut i 2023 på KapAbel forlag.

Noen av diktene:

Glam Prix

Eg og Pus sit fascinert og fulle av energi
Når vi bivånar årets melodi Grand Prix.
Heftige vindmaskinar så håret lettar
damer med drakter full i paljettar.

Er det eg eller Pus som er den utdaterte?
Eg datt av i den tida Jahn Teigen regjerte
Det er damer i paljettar og menn i fjør
Men var ikkje alt mykje betre før?

Neste år ska eg melda meg på
kledd i paljettar og stram trikå.
Oppskrifta er klar for å bli nummer ein;
trekkspel, nynorsk og hårete bein!

Kattar er ikkje kapitalistar

Pus seier det er ingen aksjar som fristar
har du høyrt om kattar som er kapitalistar?
Eg er nøgd, seier Pus, med mett mage
og en og annan hannkatt eg kan jage.

Eg har ein heim og får kos i søkk og kav
elles har eg ikkje så store krav.
Eg får tunfisk i saus når eg smiskar med far
det er vel den største kapitalen eg har.

Sjå til oss Pusar når vi svinsar i kring
vi stikk ikkje nasa i uvesentlege ting.
Nei, aksjene sine kan dei ha i fred
– gje meg noko eg kan eta eller leika med!

Pus. Kattipalist.

Føkk renteauke

Den som har brydd seg katten i renteauke er Pus
så lenge ho har gratis losji og våtfor i hus.
Men no skjønar Pus at det er ille
når matfar lurer på om dei har våtfor på Nille!

Dette gjer at stakkars Pus har fått skrekken
banksentraldamo skulle hatt eit klor i hekken!
Makan til lite Pusevennleg person
Pus får nuppar i pelsen av ordet inflasjon.

Ikkje høyr på ho matfar, tenk på oss dyra
Kutt ned på laurdagskosen, eller sel ei nyra!
Du er aller best matfar, når du er blid og raus
– du skal få kveldskos berre eg får tunfisk i saus!

Pus har fått innkalling!

Pus slit med å la det søkka inn
ho har fått innkalling til fastlegen sin.
Det kom ein epost til vesle LucyPus
dei ville fjerna tannstein og sjekka nyregrus.

Alle slags greier vil dyrlegen sjekka
ikkje løye Pus var heilt forskrekka.
Og endå meir har doktor dyregod på lur
berre ordet er skræmande: Ormekur!

Pus blei stiv i pelsen og stor i auga
klar til å rømma over alle hauga!
Men eg skal sei deg ein ting din pelsdott med hale
du hadde hatt større auge hadde du visst kva eg må betale!

Personvernoversikt

Denne nettsiden bruker funksjonelle og analytiske informasjonskapsler (cookies) for at nettstedet skal gi deg en optimal brukeropplevelse. Disse informasjonskapslene inneholder ikke personlig informasjon. NRR og tredjeparter bruker informasjonskapsler til markedsføring og for å sikre at du ser relevante annonser uten å fortelle annonsører hvem du er. Ved å godta innhold nedenfor godtar du bruken av disse informasjonskapslene.

Du kan forandre dine cookie innstillinger ved å navigere til de fanene på venstre siden av skjermen.